Får påfyll av næringsfonda

Hovudutval for næring og kultur har fordelt tilskot til kommunale næringsfond og stimuleringstilskot for 2018.

NÆRINGSFOND: Eid kommune får 507.593 kroner i grunnløyving og 93.333 kroner i stimuleringstilskot, dvs. 600.927 kroner i år.  Foto: arkiv

Nyhende

Kommunane Eid, Selje, Førde Gaular, Jølster, Naustdal, Gulen, Sogndal og Leikanger får stimuleringstilskot på 70.000 kroner for felles førstelineteneste. Kommunane Eid og Selje får også eit stimuleringstilskot for felles næringsfond på 23.333 kroner kvar. Også stimuleringstilskota skal nyttast til næringsfond og ikkje til drift av næringsapparat.

Samla sett får Eid kommune 600.927 kroner i tilskot, medan Selje kommune får 469.037 kroner.

Hornindal får 312.503 kroner, Vågsøy får 502.817 kroner, Stryn får 550.543 kroner og Gloppen får 497.014 kroner til påfyll av næringsfondet i 2018.