Det er eit formidabelt arbeid å rydde det store området etter vinteren. Plassens venner inviterte til felles dugnad, og 40 russ var på plass for å bidra.

– Søndag har vi russedåp, og då er vi i gang med russefeiringa. Vi er heldige, og kjem til å bruke området her på Malakoff i russetida, og då er det naturleg at vi er med å rydde, seier russepresident Ingar Hjelle ved Eid vidaregåande skule.

Viktig

– Det er viktig og riktig å vere med på dugnad her. Vi i Rotary har vel deltatt på dugnad her i over 30 år, seier Rune Heggen.

– Vi stiller kvart år, og ryddar vårt område utanfor brakka vår, seier Hanne Heggen i Eid MC-klubb, som hadde med seg 15 mc-folk på rydding.

Glede: Glade dugnadsarbeidarar, Halvdan Faleide og Malvin Brendefur. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Tradisjon: I over 30 år har Rotary stilt på vårdugnad på Eksersisplassen. – Ein viktig og riktig jobb, seier dei. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
RAKING: Russen var ivrige med riva og fekk samla mykje lauv. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Felles: – Dette må vi vere med på, seier eidarussen f.v. Trude Fløtre frå Byrkjelo, og Måløyjentene Celine Hagen Grylling, Benedikte Gjerde Nygard og Victoria Hellebust. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Eid MC: 15 medlemmar frå Eid MC-klubb stilte villige opp på rakedugnad. – Ein viktig jobb, meiner dei. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Pølsefest: Ann Inger Heggedal og Margrete Sunde stod for maten til dugnadsfolket. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes