Tre brannbilar til bråtebrann i Kjødepollen

Ein bråtebrennar i Kjødepollen måtte ringe til brannvesenet. Tre brannbilar kom til staden, og no er brannen sløkt.
Nyhende

Det var like etter klokka 11.30 i dag at alarmsentralen i Sogn og Fjordane fekk melding om bråtebrann ute av kontroll i Kjødepollen i Selje kommune.


Ein brannbil kom frå Selje og to frå Stadlandet.

Då dei to brannbilane frå Stadlandet kom til staden hadde bilen frå Selje klart å sløkkje brannen.

Det var personen som heldt på med bråtebrenninga som sjølv tok kontakt med brannvesenet, då han opplevde at det kom ut av kontroll.

Fram til 15. april er det lov å tenne opp for bråtebrenning. Etter det må ein søkje brannvesenet om løyve.

På grunn av lite nedbør over lang tid er det no mykje tørr vegetasjon på Vestlandet.