På programmet stod: kort om Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.). Kvifor integrering i N. K. S? Språkvenn, Kva treng vi her i Eid kommune? Det var Anniken Førland Schwamborn, rådgjevar for integrering og mangfald i N.K.S. som fortalde og informerte. Ho er ein inspirerande og kunnskapsrik foredragshaldar.

40 deltakarar var til stades, desse frå politiske parti, frivillige og kommunale etatar. Så flott at så mange tok utfordringa og kom, i ein travel kvardag.

Leiar Liv Stokkenes Jacobsen informerte om Nordfjordeid Sanitetsforening si gruppe for innvandrarkvinner i Eid. Gruppa Språkvenn er ein basisaktivitet i N.K.S. Nordfjordeid Sanitetsforening har drive Sesam gruppe (Styrte Engasjerte samtalar) frå 2009. Ved å endre namn til Språkvenn, har vi blitt tydelegare på kva gruppa står for.

Hovudmålet med Språkvenn er å betre inkludere minoritetskvinnene og å gjere sanitetskvinnene meir inkluderande. Dette gjennom mellom anna: språktrening, sosialt samvær, nettverk, styrking av fysisk helse, styrking av psykisk helse og styrking av foreldrerolla.

Gruppa er eit tilbod til minoritetskvinner i alle aldrar, busett i Eid. Det kan vere flyktningar, arbeidsinnvandrarar eller andre med minoritetsbakgrunn.

Språkvenn-gruppa blir driven gratis av fem kvinner frå Nordfjordeid Sanitetsforening. Desse kvinnene gjer alt arbeidet med Språkvenn-gruppa som frivillig arbeid. Det kostar ingenting å delta. Alle kostnader blir dekka av Språkvenn, Nordfjordeid Sanitetsforening. Gruppa har vore så heldige å få, etter søknad, pengar frå Solfondet og EkstraStiftelsen (Ekstra web).

Kvinnene kjem frå ulike deler av verda: Sri Lanka, Filippinene, Syria, Somalia, Burundi, Vietnam og Eritrea. Møta har vore for det meste på Elvabøen, eit kommunalt husvære som vi får låne gratis.

Det blir laga fast møteplan for kvart halvår med møte kvar 4. veke.

Språkvenn var, for ei tid tilbake, med å starte Språkkafe på biblioteket, saman med andre lag og organisasjonar.

Nordfjordeid Sanitetsforening har også vore med å forme Frivilligpolitisk plattform 2018–2021. Leiar av sanitetssforeninga gav Eid Frivilligsentral skryt for å ha vore pådrivar til dette viktige arbeidet, og Eid kommune som har utarbeidd den i samarbeid med lokale lag og organisasjonar. Eit viktig dokument som forpliktar begge partar i samarbeidet.

Det var gode diskusjonar, og det kom mange synspunkt om korleis det er å kome som ny til Eid kommune. Fleire av dei frammøtte innvandringskvinnene tok ordet og kom med både ros og ris. Tilbakemeldingane frå møtedeltakarane var at dette hadde vore ein viktig kveld og at vi saman og kvar for oss, kan bli betre til å ivareta nyinnflytta, både vaksne, born og ungdommar.

Nordfjordeid Sanitetsforening fekk gode tilbakemeldingar for tilbodet om Språkvenn. Det var eit klart ynskje frå dei frammøtte gjestane at Språkvenn/Nordfjordeid Sanitetsforening må bruke sosiale medium og dele dei gode aktivitetane som foreninga driv med.

Takk til alle som kom denne kvelden. Det blei ein flott kveld med mykje viktig og tankevekkande innhald for oss alle.

Anniken Førland Schwamborn, rådgjevar for integrering og mangfald i N.K.S. heldt føredrag. Foto: Privat