I fjor var det 52 lag frå 12 ulike klubbar som deltok i Eid Cup. Sportssjef i Eid IL Fotball, Dan Jøran Hafsås, håpar på at rekorden frå fjoråret blir slått i år.

– No er det sjette året på rad at Eid Cup blir arrangert, og i fjor var det rekordmange lag som deltok. Den rekorden håpar vi på å slå i år, seier Hafsås.

Han kan fortelje at påmeldinga er opna, og at ein så langt har fått tilslag frå lag frå klubbane Tornado Måløy, Hornindal, Sogndal og Heia.

– Det betyr jo at det er mange aktuelle klubbar som ikkje har meldt på lag enno. I tida framover skal vi jobbe aktivt for å få rikeleg med lag til Eid Cup, seier Dan Jøran Hafsås.

Barnefotball

Eid Cup er for gutar og jenter i alderen 6-12 år. Turneringa blir avvikla på éin dag, søndag 29. april.

– Eid Cup har vore ein suksess i alle år, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært gode. I tillegg til kampane er det pizzabuffet i Eid Idrettshus, og mange artige konkurransar på idrettsparken som alle kan prøve seg på, seier Dan Jøran Hafsås.