nettsida til Malakoff Rockfestival kan vi lese at Heave Blood & Die passer for deg som vil ha hardtslåande og energirike låtar, spekkfulle av feit gitar og buldrande bass. Du kan vente å få mørk og overbevisande doom-rock frå Tromsø.Bandet har hits som Plague, Countercult og Harakiri.

Heave Blood & Die slapp i år sitt andre album Vol II som har blitt unisont hylla i norsk og internasjonal presse. «Verdsklasse», «Eit av årets album», «Flaggskip i eigen sjanger»...Lista med superlativar er lang, og kvintetten har på kort tid etablert seg som eit av landets mest spennende band – både på plate og live.

I pose og sekk

Bokassa blandar stoner-rock og hardcore til ein potent stonerpunkmikstur og slapp debutplata "Divide & Conquer" i fjor til strålande kritikkar. For deg som diggar tempoet til pønken og elskar tyngden i stonerrock. Her får du i pose og sekk. Med Bokassa kan du gle deg til ein hard overraskingspakke frå eit Trondheimsband som har hausta lovord både her heime og i det store utland; Mellom anna skåra dei heile 8/10 i Metal Hammer UK. Bandet har hits som Walker Texas Danger, Crocsodile Dundee, Last Night (Was a Real Massacre)

Bokassa passar for deg som diggar tempoet til pønken og elskar tyngden i stonerrock