Drifta har vore prega av høg aktivitet, aukande avfallsmengde og nær ei dobling av tilsette etter overtaking av den konkursråka renovasjonsverksemda RenoNorden AS. Rekneskapen for 2017 er gjort opp med eit driftsunderskot etter finans/skatt på minus 2.042.403 kroner, mot eit budsjettert overskot på 681.467 kroner.

Pris- og kostnadsauke

Styreleiar Kristen Hundeide forklarar i ei pressemelding at underskotet i all hovudsak skuldast pris- og kostnadsauke.

–Det har vore prisauke på levering av avfall til forbrenning. Prisauken etter nytt anbod i 2016 var berre delvis dekka inn av gebyret i 2017. Resten vert dekka inn i 2018. Vidare har det vore kostnadsauke på transport frå og drift av gjenbruks- og miljøstasjonane. I tillegg til dette har vi fått etableringskostnader på behaldarrenovasjon for glas- og metallemballasje frå 2. halvår..

Reno Norden AS

Inntektene for det interkommunale renovasjonsselskapet auka med 4,9 millionar kroner, 10,5 prosent. Samstundes auka kostnadane 6,2 millionar kroner, 13,2 prosent. Kostnadane knytt til avfallsmottak har auka med 660.000 kroner, 43 prosent,  og behaldarrenovasjon har auka med i overkant av 900.000 kroner, 4,3 prosent. Rekneskapen viser at overtaking av renovasjonstenesta etter Reno Norden AS frå og med siste kvartal 2017 ikkje har belasta drifta med ekstra kostnader utover den ramma som låg i avtalen med Reno Norden AS.

Samla styre

Styreleiar Kristen Hundeide i NoMil understrekar at den endelege godkjenning av rekneskapen for 2017 skal skje i representantskapet i NoMil den 20. april 2018, men at dette er eit samla styre si innstilling.