Det vart eit rekordår på fleire område for Coop Vest i fjor. Netto omsetning auka med 72 millionar kroner til 1,85 milliardar kroner. Driftsresultatet før skatt vart på 26 millionar kroner. På årsmøtet 10. april vart årsmelding og rekneskap godkjent.

Medlemane i Coop Vest fekk ei tilbakebetaling på vel 20 millionar kroner.

– Dette må vere eit godt og konkret døme på det som i dag vert kalla delingsøkonomi, seier Geir Espe.

900 tilsette i 28 kommunar

–Vi auka  marknadsdelen til 32,4 prosent i fjor, det betyr at kvar tredje kunde i vårt distrikt no går til Coopen. Det er godt over landsgjennomsnittet i Coop, og det er veldig gledeleg for oss i ei tid med beinhard konkurranse, seier Espe. Dei nærmar seg no 56.000 medlemar, ein auke på 2000 frå året før.

–Det gleder oss ekstra at dei fleste nye er mellom 20 og 30 år. Det å få med dei unge, er sjølvsagt viktig for oss.

Coop Vest har no 900 tilsette, dei har 65 butikkar fordelt på 28 kommunar i Sogn og Fjordane og på søre Sunnmøre. Leiinga ligg i Førde.

Flest kvinner som sjefar

–Vi er ein svært viktig kvinnearbeidsplass i regionen, over 72 prosent av våre tilsette er kvinner. Det er også verdt å nemne at vi i 2017 hadde 48 kvinner og 36 menn i leiande stillingar, seier Espe. Han er oppteken av Coop Vest si rolle som ein viktig samfunnsaktør.

–Vi er ein viktig bidragsytar for å skape arbeidsplassar og utvikling, både i dei store sentera, men også ute i bygdene. Vi er inne i eit stort program med å fornye butikkane våre og har investert store summar i mange større senter. At vi likevel har bygt opp ein eigenkapital på 300 mill. kroner i konsernet, gjer at vi har eit handlingsrom til å kunne halde fram satsinga, seier Espe. Han nemner spesielt at fleire Extra-butikkar har vore viktig for å styrke posisjonen i marknaden. Extra står i dag for halvparten av omsetninga i Coop Vest.

Satsar på bygdene

Det er som kjent mange bygder i Coop Vest sitt område, og Espe er oppteken av framtida deira.

–Ja, vi veit kor viktig butikken er for å kunne ha livskraftige lokalsamfunn. Vi er opptekne av å halde oppe eit desentralisert butikkmønster. Men butikken må vere liv laga, ha støtte og kunne gje eit godt tilbod til folk som bur der. Difor kan vi nødvendigvis ikkje halde oppe alle, men det er viktig at folk har ein butikk i nærleiken av der dei bur, seier Espe. Han ser også den sterke satsinga på lokalmat som ein del av Coop Vest si distriktssatsing.

–Det skapar verdiar og arbeidsplassar ute i distrikta, og gjev folk eit unikt tilbod med nærreist og lokalt produsert mat. Det er bra greier, smiler Coop Vest-sjefen Geir Espe.