100 dagar til Malakoff:

To nye artistar klare

Punkrockarane Ondt Blod og Kristian Kristensen er klare for Malakoff Rockfestival.
Nyhende

100 dagar før festivalen brakar laus, offentleggjer festivalen to nye namn. Dette er punkrock-bandet Ondt Blod og singer/songwriter Kristian Kristensen. Begge skal spele laurdagen.

Ondt Blod serverer nord-norsk punkrock, og har fått heile fem låtar lista på P3.

Kristian Kristensen er kjend frå fleire TV-konkurransar, blant anna The Voice. Han var nominert til Spellemannprisen i fjor i kategorien årets låt med "Kan Du Lære Mæ?". For den same låten fekk han Musikkforleggerprisen.