Mann frå Sogn og Fjordane tiltalt etter dødsulykke

Ein 50-åring frå Sogn og Fjordane er tiltalt etter dødsulykke under skogsarbeid i Hovdebygda i 2016.
Nyhende

Det var ein mann frå Ørsta som døydde då han fekk eit tre over seg. Ifølgje tiltalen skal ikkje arbeidsstaden ha vore godt nok sikra og merka for hogstarbeidet. Det er Møre-Nytt som først skreiv om saka.

Tatt ut tiltale

No har Statsadvokatane i Møre og Romsdal tatt ut tiltale mot 50-åringen frå Sogn og Fjordane, og han er no sett under tiltale ved Søre Sunnmøre tingrett for brot på arbeidsmiljølova. Ifølgje tiltalen skal mannen då arbeidet med skogfellinga starta ikkje ha sørga for sikring og merking av arbeidsstaden i området kring ein ferda veg.

Mannen skal ikkje ha vurdert risiko og fare som arbeidet ville medføre tilknytt trefelling i området ved denne ferda vegen. Under arbeidet 24. august 2016 fall eit tre over vegen og trefte ein forbipasserande, som døde av skadane.

På skogsvegen

Ifølgje Møre-Nytt skjedde ulykka på skogsvegen bak Volda og Ørsta reinhaldsverk. Det vart i det aktuelle tidsrommet teke ut mykje skog frå dette området.

I eit intervju med Møre-Nytt viser politiadvokat Lena Katrin Romestrand til at i eit område det skal drivast hogst er det krav om å merke området.

– Utmark eller stiar som finst omkring eit slikt område er tilgjengeleg areal for ålmenta, fortel ho til avisa i Ørsta.

Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett i slutten av mai, og det er sett av to dagar til handsaminga. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil eit år, eller begge deler.