Sandane lufthamn frå 13. august:

Widerøe endrar rutetabellen

Frå og med 13. august endrar Widerøe rutetabellen frå Sandane lufthamn.

Ordførarane Sven Flo, Stryn (t.v.), Leidulf Gloppestad, Gloppen og Alfred Bjørlo, Eid (t.h.), saman med rutesjef for kortbanenettet i Widerøe, Jørgen Olerud Nergård.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Avgongen kl 12.25 vert endra til klokka 14.40 og går direkte til Oslo.

– Dette er særs gledeleg. Vi har jobba mot Widerøe for å få tilpassa rutetabellen slik at denne passar betre med behova for næringsliv og reisande i regionen, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad i ei pressemelding.

Endringa vil føre til ein har direkte avgongar til Oslo kl 10.10 og kl 14.40, måndag til fredag.

Ruteendringane er tilgjengelege på Widerøe sine sider og i Widerøe sin billettportal.

I tillegg vil også Widerøe auke kapasiteten til og frå Sandane lufthamn når det større konferansar, festivalar og andre arrangement som trekker folk til Nordfjord.

– Dette er viktig for festivalar som Malakoff, men også for næringslivet som til dømes Strukturplast. Dei har ein konferanse med potensiale på Sandane med 3-400 deltakarar frå heile landet. At Widerøe stiller opp og aukar kapasiteten ved slike høve er viktig for oss, men også, og ikkje minst, bra for Widerøe. Dette er viktige og positive grep som er med på å auke trafikken og løfte passasjertalet på Sandane lufthamn, seier Leidulf Gloppestad.