Her kjem det fram i lyset mange gode idear som kombinerer element frå dagens to kommunar Eid og Selje. Fleire har brukt eidahjarte i kombinasjon med andre element som surfebrett, i kombinasjon med fisk og ikkje minst Sta. Sunniva med eidahjarte.

Blant forslaga frå elevane finn vi også fjordhest som surfar, hjort, vikingskip og fyrtårn over bølgjer og illustrasjon som symboliserer samhald mellom folk. Her er også forslag om ein paraply i kommunevåpenet fordi det regnar sånn.

Også den svingete vegen ned til den populære plassen Hoddevik i Selje er blant forslaga som elevar har teikna.

SURFANDE FJORDHEST: Ingeborg Nord Holmgren har valt å teikne ein fjordhest som surfar som kommunevåpen for Stad kommune. Foto: A.W.