Norges Røde Kors fortenestemedalje til Are Fagerli

Etter 40 års innsats i Røde Kors er eidaren Are Fagerli framleis i front, som leiar i Eid Røde Kors og instruktørleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Are Fagerli har vore aktivt medlem i Røde Kors og Røde Kors hjelpekorps i over 40 år.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Den 7. april fekk Are Fagerli frå Eid Røde Kors Norges Røde Kors Fortenestemedalje. Visepresident i Norges Røde Kors, Morten Støldal, overrekte medaljen under fylkesårsmøtet i Balestrand.

I grunngjevinga til Komiteen for heidersteikn i Norges Røde Kors heiter det at:

Fagerli har vore aktivt medlem i Røde Kors og Røde Kors hjelpekorps i over 40 år. Han har hatt ei rekke tillitsverv lokalt i Eid og på fylkesplan i over 30 år. Are har mellom anna vore leiar både i lokalforeinings- og hjelpekorpsstyret i fleire periodar på 1980- og 90-talet, og er i dag nyvald leiar i Eid Røde Kors.

På fylkesnivå har han vore vara til distriktsråd hjelpekorps i 2003 - 2005, medlem i prosjektgruppe for internasjonalt distriktssamarbeid 2004- 2007, Instruktørleiar for Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps frå 2012 fram til dags dato. Fagerli har vore sittande hovudsensor i opplæring i Sogn og Fjordane Røde Kors frå 2016 til dags dato.

Are Fagerli har spesielt engasjert seg i kurs og opplæring. Han har lagt ned ei eineståande innsats for opplæringa og instruktørmiljøet i Sogn og Fjordane Røde Kors, og gjennom dette også utviklinga av tillitsvalde og frivillige i heile distriktet. Fagerli er ein engasjert, oppdatert og framsynt frivillig som er open for, og ser alternative innfallsvinklar og nye måtar å løyse ting på. Han ser viktigheita av at det vert lat godt til rette for at også godt vaksne frivillige skal oppleve opplæringa i Røde Kors på en god måte, og samtidig at opplæringsaktiviteten er tilpassa de yngre, slik at dei opplever Røde Kors som attraktivt.

Han har også engasjert seg aktivt i distriktssamarbeidet med Narva Røde Kors i Estland, der med fokus på opplæring og utveksling. Han har tidlegare teke imot Fortenestediplom med nål i 2005.

Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsstyre støtta søknaden heilhjarta, og anbefaler Are Fagerli som en særs verdig mottakar av dette heidersteiknet frå Norges Røde Kors.

Komiteen sitt vedtak:

Norges Røde Kors komite for ærevisingar tildeler Norges Røde Kors Fortenstemedalje til Are Haavard Fagerli for hans engasjerte og langvarige arbeid for Røde Kors og dei Røde Kors er til for, både i Eid Røde Kors og i Sogn og Fjordane Røde Kors.