Aleks Grey klar med ny låt: Let go

I går var den nye låten til Aleks Grey, Let go, klar for publikum. – No føler eg at eg har funne min sound, seier ein forventningsfull popmusikar.

GÅ VIDARE: Aleks Grey sin rykande ferske nye poplåt Let go handlar om overgangar i livet.   Foto: Tommy Bredesen

Sjølv om du har det bra, så skal du kanskje vidare i livet, prøve noko nytt og ta fatt på nye utfordringar.

SER FRAMOVER: Aleksander Raftevold med artistnamnet Aleks Grey bur no i Oslo der han prøver å skape seg ein karriere som popartist.   Foto: Are Næsset

Nyhende

Eidaren Aleksander Raftevold med artistnamnet Aleks Grey er klar med ny musikk, og slapp i går den nye låten sin Let go ut til publikum. Han er spent på mottakinga, og håper at dette vil ta musikkarrieren hans eit godt steg vidare.

Aleks har med seg fleire med tilknyting til Eid og Nordfjord på den nye låten. Eidaren Sebastian Berg, som er fast i bandet, spelar gitar og Hanna Kvamme frå Måløy er med og korar.

Om å gje slepp

«Let go» handlar kort fortalt om å gje slepp på noko bra, for å få det bra lengre fram i tid. Det kan vere alt frå å flytte heimanfrå til å utdanning, jobb, venner og kjærleik. Sjølv om du har det bra, så skal du kanskje vidare i livet, prøve noko nytt og ta fatt på nye utfordringar.

Ei lang reise

Aleksander fortel at inspirasjonen kjem frå å ulikt hald. Mykje er eigne erfaringar, men det kan også vere erfaringar frå kompisar eller noko du les om i ei bok eller ser i ein film.

– Plutseleg dett det ned i hovudet noko som du kan bruke. – Denne låten byrja eg å skrive i mars i fjor. Første utkast vart laga 4. mars i 2017, og det har vore ei lang reise fram til dagens Let go.

Frå ballade til poplåt

Bodskapen har heile tida vore den same, men det musikalske uttrykket har gått gjennom ei utvikling med nye versjonar. Det byrja som ein ballade, men etter nokre rundar i studio med to av Aleksander sine produsentkompisar, Sivert og Viljar, er låten blitt gira betydeleg opp til å bli ein poplåt med trøkk.

Låten Let go blir gitt ut av planteselskapet Toothfairy og kan kjøpast på iTunes og strøymast på Spotify.