– Du veit kva du får når Honningbarna kjem på besøk: eit fantastisk liveband med eit energinivå som manglar sidestykke. Honningbarna reiv nesten ned Malakoffscena sist gang dei besøkte oss, og vi gledar oss stort til å få dei på besøk igjen, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

I tillegg så kjem årets stjerneskot Halie til festivalbygda i juli.

– Eit eksepsjonelt ungt talent med ei stor stemme og ei stor karriere framfor seg som vi gledar oss til å oppleve starten på, fortel Naustdal vidare.