Det var ikkje sauebonde ho skulle bli då ho og familien flytta heim til småbruket på Åsane. Etter mange år i Svelgen, bestemte familien seg for å flytte til Davik, og saman med ektemannen, Tom, og barna Malene og Joachim flytte dei for nitten år sidan. Ho reiv den gamle låvebygningen, og bygde opp ein topp moderne bygning, der ho har kontor og behandlar pasientar i første etasje.

Stort behov for fysioterapi

Sølvi fortel at ho heile tida etter at ho flytta til Davik har hatt ein jamn straum av pasientar. Til tider er det ventelister, og på enkelte av tenestene ho leverer, er det meir enn eitt års ventetid.

Ho er den einaste tilsette fysioterapeuten i bedrifta Davik Fysioterapi AS, og trivst godt med det.

Det kan bli lange arbeidsdagar for Sølvi, men ho seier at det og er heilt ålreit. Pendling slepp ho iallfall.

Rett over tunet frå kontoret ligg det restaurerte gardshuset.

I fleire år har ho hatt studentar frå Høgskulen på Vestlandet i praksis. Akkurat no held to studentar på med å avslutte eit 11 vekers praksisopphald hos Sølvi Joensen på Davik. Ho seier at det er veldig kjekt med studentar i praksis. PÅ den måten held ho kontakten med fagmiljøet på høgskulen og kan halde seg oppdatert.

Fornøgde studentar

Fjordabladet var på besøk på den aller siste dagen studentane var på Davik. Dei jobba som vanleg, men planen var å avslutte med ein liten vaffelfest på slutten av dagen. Dei to er Sara-Petrine Solli-Veierød (25) frå Bergen, og Hilde Brurokk (25) frå Tørvikbygd i Hardanger.

Dei er båe andreårsstudentar, og har gjort andre ting før dei no føler at dei har hamna på den rette hylla med fysioterapistudiet. Dei trekte Davik som praksisstad og er svært nøgde med det.

Det er få jamaldringar i bygda, men dei har hatt nok med arbeidet med pasientane og dei gode turmuligheitene i nærmiljøet. På Sølvi sitt favorittfjell, Troda, har dei og sjølvsagt vore.

Samle og krokete vegar

Dei smale og krokete vegane i området er sjølvsagt utfordrande. Så dei kan bli litt kvalme på ein tur utover mot Rugsund.

− Men Sølvi er ein glimrande sjåfør, poengterer dei. Sjølve hadde dei eit kjedeleg uhell med bilen sin på glattisen, men det var på ein annan stad i fylket.

Dei elleve vekene på Davik har gått fort. Har hatt det artig og lært mykje med Sølvi.

Dei seier at ho er fagleg sterk, nysgjerrig på faglege ting og ikkje minst humoristisk og engasjert.

Helseplager blant folk

Akkurat denne dagen hadde dei to pasientar frå Svelgen. Det pasientar flest plagast med er overbelasting av skuldrer og slitasje i kne og hofter. Mange strevar og med stress som påverkar helsa. Folk treng kvile og å slappe meir av, er fysioterapigjengen si oppfatning. Men samstundes må ein ikkje gje seg heilt over og bli i verande i sofakroken.

Det er eit utstrakt samarbeid med andre helsefag, noko som er heilt avgjerande for eit godt resultat, slår dei fast.

Nei til Kinn

Sølvi er klar på at viss det blir tvangssamanslåing av Bremanger med Kinn, vil ho gå inn for at Davik skal gå til Stad. Ho har gått vidaregåande på Nordfjordeid og føler tilknyting til Eid. Her finn dei tilboda dei manglar på Davik både innan handel, kultur og fritidsaktivitetar.

Sølvi Joensen er spesialist i allmenn fysioterapi med vidareutdanning i psykosomatisk og psykiatrisk fysioterapi. Dessutan har ho vidareutdanning for behandling av barn og unge og arbeids- og folkehelse for fysioterapeutar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
F.v. Sølvi Joensen, Hilde Brurokk og Sara-Petrine Solli-Veierød set alle pris på utsikta over davikbygda. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Hilde er massør og Sara- Petrine «pasient» i det velutstyrte behandlingsrommet. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Noko uvanleg er det kanskje å finne fysioterapitenester i ei bygd og ikkje i kommunesenteret. Foto: Per Ole Lefdalsnes