Eivind Grodås var ein av passasjerane som sat framme i bussen på ein av dei fremste radene og var vaken då bussen kom inn i Skredestranda.

– Strekninga frå austsida er lang og rett, og med god oversikt, så eg oppfatta ikkje situasjonen som dramatisk. Bussjåføren gjorde ei kontrollert nedbremsing, kanskje 50 meter frå "snøveggen" og ringde deretter til myndigheitene, seier Grodås.– Vi møtte ingen bilar frå Kjøs bru og innover (mot Stryn/ Hornindal), så raset hadde truleg gått ei lita stund før vi kom, men det verka ikkje som nokon hadde snudd heller.

Bussen kom fram til rasstaden om lag mellom klokka 07.05 og 07.10, noko som verkar å vere ei lita stund etter Statens vegvesen sine opplysningar om når dei vart kjend med raset, seier Grodås.

Ifølgje vegvesenet sine trafikkmeldingar på nettet, var det kjent klokka 06:44.at raset hadde gått.

Vart møtt av ein kvit vegg

Simon Standal Pavelich var også ein av dei som sat på nattbussen frå Oslo på veg til Eid. Han sat og småsov før det vart bråbremsing i 7-tida i Skredestranda.

– Vi vart møtt av ein ein kvit vegg som stod framføre oss. Det såg ganske stort ut. Etter full stopp var det berre nokre meter fram til raset. Vi rygga sakte, og i det vi snudde var politi og ambulanse på staden, fortel Pavelich til Fjordabladet.

­– Var det tilløp til panikk?

– Nei, folk var ganske rolege. Det var ikkje noko særleg dramatikk. Det var meir ein følelse av kjipheit. At dette var kjedeleg, fordi ein måtte køyre ein omveg og at det tok lenger tid før ein kom fram.

NRK melder at det kan vere fare for nye skred og at det vert vurdert om ein skal evakuere hus,– Naudetatar, ei skredgruppe frå Ørsta og Volda, redningshundar, og frivillige er på staden. Det er ikkje noko som tyder på at nokon er tekne av raset, men vi skal vere sikre på det før vi gir oss, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen til NRK.

Foto: Siri Øvregård