Det er Hovudutval for næring og kultur som no har fordelt over sju millionar kroner til ulike prosjekt for å setje i stand freda og fredingsverdige bygningar i Sogn og Fjordane.

Den største enkelttildelinga gjekk til Hotel Mundal i Sogndal kommune, som fekk tildelt 2,5 millionar kroner til istandsetjing av tak og tak konstruksjon.

Bakgrunnen for tildelinga er at Riksantikvaren har løyvd Sogn og Fjordane fylkeskommune 7,5 millionar kroner frå statsbudsjettet til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap. Dette kjem i tillegg til førehandsløyvinga for 2018 på tre millionar kroner, som vart fordelt i hovudutvalet sitt møte i oktober 2017. Det samla tilskotet til freda kulturminne i fylket for i år er difor på 10,5 millionar kroner.

Fylkeskommunen har òg fått ei førehandsløyving på 3 millionar kroner for 2019. Førehandsløyvinga for 2019 og det resterande tilskotet for 2018 vil bli fordelt i eit seinare møte.

Tilskotet vart fordelt på følgjande prosjekt:

• Parken, S. Kloumanns allé nr. 7: 50 000 kr

• Hotel Mundal, Sogndal kommune: 2 500 000 kr

• Fjøs i Bensentunet, Jølster kommune: 385 000 kr

• Bispestova i Lavik, Høyanger kommune: 220 000 kr

• Seltuftberget brakke, Aurland kommune: 300 000 kr

• Heimdalstrand, Balestrand kommune: 575 000 kr

• Lovisendal, Gulen kommune: 60 000 kr

• Kaupanger hovedgård, drengestova og vedhuset, Sogndal kommune: 410 000 kr

• Kaupanger hovedgård, Låven, Sogndal kommune: 6 000 kr

• Flahammer, Luster kommune: 220 000 kr

• Wittgensteinhuset, Luster kommune: 800 000 kr

• Yris hotell, Eid kommune: 70 000 kr

• Håkonstova på Otternes, Aurland kommune: 400 000 kr

• Eilertstova på Otternes, Aurland kommune: 430 000 kr

• Vonens hus, Fjaler kommune: 150 000 kr

• Hovland, Sogndal kommune: 45 000 kr