– I samband med premieren på barnefilmen «Brillebjørn på bondegarden», tok vi kontakt med Eid bondelag og Eid fjordhestlag for å høyre om dei kunne hjelpe oss å lage ein minigard ved kinoen, forklarer kinosjef Janne Mari Hjelle ved Eid kino.

Minigard

– Både bondelaget og fjordhestlaget var veldig positive til å vere med på dette, og saman skal vi klare å skape ein fin liten minigard ved Operahuset denne palmelaurdagen, slik at borna både kan få oppleve gardsmagi og filmmagi same dagen, seier ho.

Brillebjørn er kjend frå NRK Super, og mange av dei yngste vil nok ha god kjennskap til denne karen. No tek han for første gong steget over på filmlerretet, og med seg har han bestevennen Lucy. Dei besøkjer bestemor og bestefar på garden deira og nokon gongar kan dei kome opp i litt skumle situasjonar, men då har heldigvis Brillebjørn fantasimagi!

Høyhopping og øksekasting

– Laurdag vert det både høyhopping, øksekasting og mjølkespannhalding, lovar Knut Tore Nes Hjelle, leiar i Eid bondelag. No har bondelaget kjøpt inn ei skikkeleg kasteøks.

Bondelaget stiller med dyr, og ein kan få prøvekøyre ein parkert traktor. Det blir hopping i høyet, bålpanne og tvikamp-leikar i ekte Farmen-stil.

– Ungane kan her få sjå dyr på nært hald. Det ver i alle fall geiter og kanskje kyr ved operahuset. Og ikkje minst vert det pannekakesteiking laga av lokale råvarer, då vi har fokus på kvar maten kjem ifrå, seier Nes Hjelle.

Eid Fjordhestlag skipa i fjor Bornas fjordhestlag, nettopp for å gi fleire born moglegheita til å få kjennskap til fjordhesten vår. Dei stiller med hestar både til riding og stell denne dagen. I tillegg har Eid bibliotek utstilling med fine barnebøker knytte til dyr- og landbrukstema.

Minigarden ved operahuset laurdag er gratis og open for alle, også for dei som ikkje skal på kino.