Melheim forklarer at utfordringane gjeld sjølve lastdimensjoneringa, laster i hovudkonstruksjon for tak til fundamentering. Som ein konsekvens av dette blir framdrifta forskyvd med om lag 20 dagar, slik at ferdigstilling av bygget blir rundt 15. desember.

– Framdriftsplanen er bygt opp med litt slark, som gir rom for justeringar i framdrift, dette med tanke på å vere rigga for nettopp slike hendingar.

– Hovudentreprenøren Veidekke har bemanna ned nokre av sine arbeidarar, frå sist veke og ut denne veka, medan andre kontraktørar og underleverandørar driv prosjektet for fullt.

– Utfordringane som er vist til, er no løyst, og det vil vere full produksjon frå rett over påske, opplyser dagleg leiar i Eid Industrihus KF, Svein Otto Melheim.

– Husleigekontrakt er gjeldande frå 01.01.2019. Offisiell opning er planlagt til før påske, veke 15 i 2019.