I dag blei det nemleg ny drift etter at kaféen har vore stengd for klargjering eit par-tre veker.

Seljefolket kan glede seg over at eit fullverdig kafétilbod igjen er tilgjengeleg. Kafeen har verkeleg vore sakna dei vekene den har vore stengd. Havbris Café blir no namnet.

Gjestane strøymer på

Spenninga var til å ta og føle på like før opninga i dag. Ville folk slutte opp om Havbris Café? Dei nybakte kafédriftarane trong ikkje engste seg. For nesten i same minutt som dørene opna strøymde folk inn i kafélokalet. Det var både 10-kaffigjengen og andre gjester. Alle var strålande fornøgde med at bygda hadde fått kaféen tilbake, og det blei kø framfor disken.

Heimekoseleg og god mat

Kaféen har fått ei ansiktsløfting, og tilbyr velsmakande heimelaga mat. Svelene med brunost, nesten rett frå takka, smaka fortreffeleg(Fjord1-oppskrift), og dei kunne elles freiste med eit variert tilbod på bagettar, kaker og iskrem. Suppe og andre varmrettar vil og bli servert etter kvart.

Utvida opningstider

Cecilie Sunde Hoddevik fortel at dei vil ha ope til klokka 02.00 fredag og laurdag. Elles er planen å ha helgeope. Ho er strålande fornøgd med endeleg å komme i gang. Ho har eigentleg hatt lyst lenge å starte kafé.

Ho poengterer at det er ei familiebedrift. Her er alle med på å dra lasset. Til dømes er far handyman og ein svoger er kokk på fritida.

Nysatsing

Det er Cecilie Sunde Hoddevik(43) og mora Anne-Britt Sunde som er dei nye kafé-driftarane. Dei driv i dag Nabben Pryd og Mote vegg i vegg med kafélokalet, så det passar på ein måte godt med å ta over kafédrifta med opa dør mellom verksemdene.

Dei tykte at det var for gale at bygda skulle vere utan eit godt kafétilbod og hivde seg rundt. Dei har nøkterne og realistiske forventningar til det å drive kafé i Selje. Utfordringa vert å skape aktivitet i vinterhalvåret. I sommarhalvåret vil turistane vere eit godt grunnlag for kafédrifta.

I starten vil dei drive stort sett som tidlegare, men med utvida opningstider. Dei vil sjå tida litt an, men er klare for nye planar etter kvart som dei vinn erfaring. I alle fall har dei god tru på at Havbris er liv laga.

− Selje treng absolutt ein kafé, meiner dei.

STADIG NYE GJESTAR: Det kjem stadig nye gjestar inn i nyopna Havbris. FOTO: POL
LIKE FØR OPNING: Cecilie Sunde Hoddevik er spent før opninga av Havbris. Systra Belinda Sunde Fure, har laga logoen, og er medeigar i Havbris. FOTO: POL
ORDFØRAREN PÅ PLASS: Ordførar Stein Roger Osdal er på plass med blomster og gode ønske. FOTO: POL
Foto: MATEN GÅR UNNA: Her er noko som kan freiste nokon kvar. FOTO: POL
LOKALET FYLLAST OPP: Cecilie kan konstatere at det er fullt opp av gjestar i Havbris. FOTO:POL