– Påska kjem forholdsvis tidleg i år, og på Harpefossen har vi bak oss ein vinter med rikelege snømengder både i låglandet og i høgfjellet. Dette betyr at vi kan tilby flotte skiforhold i alle nedfartar og turløyper, og gode forhold for turar bakover i fjellheimen, skriv Harpefossen Skisenter i ei pressemelding.

Rikeleg med snø

– Dei siste par dagane har vi fått påfyll av enda meir snø. Nede i dalen har det kome ca. 30 cm, og oppe i fjellet vi har fått 50–60 cm nysnø opp på dei store mengdene vi hadde frå før, melder Harpefossen Skisenter.

Vêrmeldingane framover gjev grunn til å oppmode dei som planlegg turar i fjellet om å vere varsame.

– Det er meldt meir snø dei komande dagane, og det er difor grunn til å åtvare om skredfare i fjellet dei næraste dagane, melder Harpefossen Skisenter.

Mange aktivitetar

Alle heisar på Harpefossen vil vere opne kvar dag frå palmelaurdag til 2. påskedag. Skisenteret har planlagt følgjande aktivitetar og arrangement på Harpefossen denne påska:

• Aking i skileikområdet palmelaurdag 24. mars på kveldstid.

• Telenor-renn i skileikområdet palmesøndag 25. mars.

• Påske kickoff med Disco-hopping og BigBag onsdag 28. mars.

• Skicross på Furuhogane skjærtorsdag 29. mars.

• Discotek for barn og ungdom på Varmestova skjærtorsdag 29. mars.

• Parallellslalåm på Furuhogane langfredag.

• Quizkveld/pub på Varmestova langfredag.

• Water-Splash i parken nede på Harpefossen påskeaftan.

• Grilling og afterski på Furuhogane skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan.

Vêravhengig

Nokre av dei planlagde aktivitetane er meir eller mindre vêravhengige, så det kan bli forandringar i tidsskjema og planar. Dette blir fortløpande informert om på www.harpefossen.no og på facebooksida til Harpefossen Skisenter.

Det vil vere open kafé kvar dag på Varmestova på Harpefossen og i servicebygget på Furuhogane. Det vil også vere open skishop/skiutleige i Varmestova kvar dag.

Det har vore ein stabil vinter på Harpefossen Skisenter. Foto: Harpefossen Skisenter
Maskinarbeid med nysnøen onsdag denne veka. Foto: Harpefossen Skisenter