Der var det ordinært krinsrenn i sprint laurdag, og finale fellesstart i krinscupen søndag.

I krinsrennet laurdag vart det fleire sigrar og gode plasseringar til lokale løparar. Ask Haughovd, Stårheim IL, vann klasse G 16 føre Alf-Tomas Takle Tytingvåg, og dei var også dei einaste deltakarane i denne klassen. Ingrid Heggen, Stårheim IL, var einaste deltakar i klasse J 16.

I klasse G 15 var det ti startande. Tre av dei var lokale, og dei tok også dei tre første plassane. Mangus Skeide Bakke, Eid IL, vann føre Stårheim-løparane Kasper Mundal og Patrick Isene.

Trygve Myrold, Stårheim IL, vann klasse G 14, der det var to deltakarar. I klasse J 13 var det åtte startande, og her gjekk Frøya Haughovd, Stårheim IL, til topps.

Magnus Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim IL, var best av dei sju startande i klasse G 11, medan Mia Melheim Espe (J 11), tok andreplass i si klasse.

Imponerte i finalen

Søndag gjekk krinscupfinalen i fellesstart. Her kopierte samtlege lokale vinnarar frå krinsrennet i sprint laurdagen sine prestasjonar. I tillegg tok Esekiel Henden, Eid IL, sigeren i klasse G 12.

Krinscupfinalen i fellesstart i Volda, var det sjuande og siste rennet i krinscupen. Der blir det kåra samanlagtvinnarar i klassane frå 13 år og eldre. I samandraget er fem renn teljande.

I klasse J 13 gjekk Frøya Haughovd heilt til topps i krinscupen samanlagt. Ho har tre sigrar og to andreplassar som sine fem teljande resultat. Haughovd vann krinscupen føre Markane-løparane Mari Sofi Meland og Oddrun Hj. Kirkeeide på delt andreplass.

Strake sigrar

To gutar har verkeleg imponert i krinscupen denne sesongen, og vunne samtlege renn dei har stilt opp i. Dette er Trygve Myrold, Stårheim IL, og Magnus Skeide Bakke, Eid IL.

Myrold har vunne samtlege sju renn, medan Skeide Bakke har vunne alle dei seks han har stilt opp i. Begge vart dermed suverene vinnarar av krinscupen samanlagt i sine klassar.

Sjølv om Bendik Vereide, Stårheim IL, ikkje deltok i helga, vart han samanlagtvinnar i klasse G 16. På dei fem renna han har deltatt i denne sesongen, har han tre førsteplassar, ein andreplass og ein tredjeplass.