Det seier Odd-Harald Heggen, avdelingsingeniør i Eid kommune og viser til at Eid kommune no sender ut nær på 2000 brev.

– I denne omgang sender vi breva ut som Digi-post og/eller melding til mottakaren på Altinn. Der vi ser at brevet ikkje er opna innan rimeleg tid, vil vi sende ut brevet per post, seier Odd-Harald Heggen som opplyser at adresseprosjektet er særdeles viktig i samband med utrykking.

– Det mest sentrale med adresseprosjektet, er at utrykkingskøyretøy skal finne fram til rett stad så raskt som mogleg.

Adressetilleggsnamn

–Mottakarane har tre vekers klagefrist. Tildelinga er eit enkeltvedtak, der ein kan klage på nummeret og dersom ein har fått adresse til feil veg. Vegnamna er vedteke av kommunestyret, og såleis ligg fast og kan ikkje klagast på. Nummereringa er gjort etter eit heilskapleg system med oddetal på venstre side av vegen og partal på høgre side. Det kan også vere verd å nemne at adressene langs Nordfjordvegen (rv15), som startar i Stryn og endar opp i Måløy, også vil få sine nummer. I denne samanheng kan det leggast til at det er opna for at ei vegadresse også kan ha eit adressetilleggsnamn som inngår i den offisielle adressa. Bakgrunnen for dette er eit ynskje om å ta vare på lokale stadnamn, samstundes som adressa for lokal tilknyting der det er nytta lange vegparsellar. Døme på dette kan vere Nordfjordvegen, nummer og til dømes Haus eller Nes, seier Odd-Harald Heggen og legg til at dei som ønskjer adressetilleggsnamn må nytte eit skjema som ligg ved utsendingsbrevet.

Adressenummer

–Sentrum i Eid har vore adressert frå tidlegare, så her vil det ikkje blir gjort store endringar. Det kan også vere viktig å nemne at den enkelte ikkje treng å gå og kjøpe nummerskilt til si adresse. Dette er noko som Eid kommune vil ta seg av. Eid kommune bestiller nummerskilt og sender desse ut til adressene. Gjennom eit felles innkjøp vil kommunen få ein god kvantumsrabatt, seier Heggen og legg til at når nummeret på adressa vert sendt ut, så er det viktig at den enkelte følgjer dei reglane som gjeld for plassering av adressenummeret.

– Igjen skal vi ha i bakhovudet at det skal vere godt synleg for naudetatane.