Vågsøy kommunestyre vedtok i kveld samrøystes same avtale som ordførarane i Eid og Vågsøy hadde blitt samde om når det gjeld overgangsordning for elevane på Bryggja. Eid kommunestyre har nyleg godkjent avtalen.

Bakgrunnen er at Vågsøy kommune har vedteke å leggje ned Bryggja skule, at Bryggja går inn i Stad kommune frå 2020 og at elevane skal sleppe å byte skule fleire gonger.

Avtalen har slik ordlyd:

AVTALE

Mellom kommunane Vågsøy og Eid (Stad) er det inngått slik avtale om overgangsordning for skuleelevar som er folkeregisterført i det området som vert omfatta av grensejusteringa gjeldane frå 01.01.2020.

1. Avtalen tek utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule for trinna 1 - 7. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa.

Vågsøy ber kostnader som er elevrelaterte (undervisningsmateriell) med kr. 7.500 pr elev pr skuleår, skuleskyss og evnt. spes.ped. for elevar som vel Stårheim skule.

Ein nyttar følgjande utrekning for tal lærarstillingar: 1. - 4. klasse: 16/16 = 1. Dvs. ei heil stilling per 16 elevar. 5. - 7. klasse: 21/21= 1. Dvs. ei heil stilling per 21 elevar. Dette utgjer om lag ei lærarstilling. Ei lærarstilling er samla sett kostnadsrekna til kr 700 000,- per år. Vågsøy kommune dekkjer desse utgiftene.

2. Kommunane er innstilt på at elevar som ville gått ut frå Bryggja skule våren 2019, kan søke om opptak anten på Vågsøy ungdomsskole eller Eid ungdomsskule for skuleåret 2019/20. Vågsøy kommune vil tilby alle som har starta på Vågsøy ungdomsskule pr 1.1.2020 å fullføre løpet her. Siste elev går i tilfelle ut våren 2022. Vågsøy ber kostnadane for elever som vel Vågsøy ungdomsskole.

3. Kommunane vil i fellesskap, og i samarbeid med fylkeskommunen, etablere tenlegeskyssløysingar for å gjere dette så smidig som mulig.

4. Etter 1.1.2020 er nye Stad kommune skulekommune og ansvarleg for grunnskuleopplæringa for elevane på Bryggja.

5. Avtalen skal godkjennast politisk i Vågsøy og Eid.

Måløy, den Eid, den

…………………………….. ……………………………….

Vedlegg til avtalen.

Notat og elevoppsett/gruppestorleik og oppsett frå lærarnormen, utarbeidd av kommunalsjefane i Vågsøy og Eid.