Det er oppretta eit selskap, Bryggja skule AS, som vil søkje om å få godkjent drift av ein kristen friskule på Bryggja.

Vågsøy kommunestyre hadde i dag søknad frå Bryggja skule AS om å få overta bygning og tomt - Bryggja skule, men valde å utsetje saka.

Vedtaket vart gjort med 16 mot 11 røyster.