Avdelingsleiar Geir Årvik opplyser til Fjordabladet at dei har jobba ganske lenge med utvidingsplanane, og er svært glade for at dei no er i mål. Det viser at eigarane har god tru på Selje. Tekstilhuset Selje, som eig lokala, er lokalt forankra og betalar skatt til Selje kommune.

− Veldig bra at eigarane i Bergen ser verdien i å satse på Selje/Stad. Utvidinga vil trygge arbeidsplassane som og er viktige kvinnearbeidsplassar, seier Årvik.

Nye arbeidsplassar i Selje

Årvik opplyser at det blir 2–5 nye arbeidsplassar, og ei investering på 7–8 millionar kroner. Grunnarbeidet er alt i gang, og tilbygget vil vere klart hausten 2018.

Uniformpartner disponerer i dag 1350 kvadratmeter, så det er tale om ei betydeleg utviding. Årvik fortel at planen er å bli sterkare på logistikk og logistikkløysingar. Selje skal bli hovudlager for dei artiklane som er felles for alle tre avdelingane til Uniformpartner. Auka plass gjer at ein får endå betre flyt på personpakking til store kundar.

Det er Tekstilhuset Selje AS som eig produksjonslokalet. Eigarane av Tekstilhuset er og hovudaksjonær i Uniformpartner AS, som har rundt 45 tilsette fordelt på Bergen, Oslo og Selje.

Avdelinga i Selje har i dag 19 tilsette, og er dermed den største avdelinga i selskapet.

Årvik legg til at i tillegg til dei tre avdelingane i Noreg, har selskapet ei avdeling i Kaunas, Litauen med 10 tilsette.

STOR MARKNAD: Det er mange yrke som uniformerte. Foto: Per Ole Lefdalsnes