–Det er utruleg gledeleg at Eid kommune får 1,535 millionar kroner frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. No blir det mulig å tilsette fleire helsesøstrer i Eid, fleire kan få hjelp tidleg og vi kan styrke det førebyggjande tilbodet til born og unge i Eid.

Det seier Lars Svein Drabløs, gruppeleiar for Framstegspartiet og utvalsleiar for Helse- og sosialutvalet, Arild Nøstdal, gruppeleiar til Venstre. Tore Hjelle, gruppeleiar til Høgre og Sissel Ommedal, gruppeleiar for Krf i Eid, i ei pressemelding i samband med at Helsedirektoratet torsdag tildelte over 300 millionar kroner til styrking av helsestasjonar og skulehelseteneste i kommunane etter søknad. Ni av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har søkt om og fått tildelt midlar. Eid får tildelt1,535 millionar kroner,  nest mest midlar i fylket etter Sogndal. Eid får tildelt heile beløpet kommunen har søkt om.

Lågterskeltilbod

–Helsestasjonane og skulehelsetenesta gjer ein uvurderleg jobb for å hjelpe born og unge som slit i kvardagen. For samarbeidspartia Venstre, Høgre, Frp og Krf har styrking av lågterskeltilbodet til born og unge vore ei særs viktig prioritering dei siste åra, mellom anna for å førebyggje psykiske plager tidlegast råd. I 2018 er denne satsinga større enn nokon gong, med 307,2 millionar kronar i øyremerka midlar, seier Drabløs, Nøstdal, Hjelle og Ommedal.

Skulehelsetenesta

– Med denne ekstra løyvinga kan vi endeleg få til ei helsestasjons- og skulehelseteneste i Eid på det nivået som er ønskjeleg, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V). Vi kan no auke helsesøster-ressursen i Eid med cirka 1,8 stillingar, auke tidsbruken ute i skulane, ta i bruk nye digitale løysingar og innføre tilbod om systematisk foreldrerettleiing. - Dette vil gjere Eid til ei endå betre kommune å vekse opp i, og gjer at vi kan hjelpe dei som treng det mest, seier Bjørlo.

Førebyggande arbeid

–Desse midlane får vi stor bruk for for å fokusere meir på helsestasjon og familiekontor slik at vi kan forsterke og drive meir viktig førebyggande arbeid, som er viktig for mange menneske, seier utvalsleiar Lars-Svein Drabløs.