Kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen opplyser at dei har tilsett ein ekstra lærar på Stårheim, med atterhald om at også Vågsøy kommunestyre gjer likelydande vedtak som Eid har gjort når det gjeld elevane frå Bryggja.

Sivertsen seier at det i dag er god plass på Stårheim skule, og at elevar frå Bryggja vil fylle fint ut i klasseromma.

Sivertsen fortel at dei har mange gode søknader til lærarstillingar i Eid. Dei fekk inn 51 søknader, og alle som er tilsett er kvalifiserte, ein del av dei godt utdanna.

– Trenden er at unge folk flyttar heim. Det verkar som om Eid og Nordfjord er attraktiv, seier kommunalsjefen i Eid.