Etter nokre tiår med pulversuppe og anna ferdigmat, slår pendelen tilbake til heimelaga og kortreist mat.

No vil vi ha kortreist syltetøy, lefser, flatbrød, fenalår og pølser.

Og ikkje minst butikkane har oppdaga at dette er varer som sel.

Ved Coop Extra på Nordfjordeid hadde dei fredag samla åtte ulike levrandørar av lokal mat. Her kunne ein gå gjennom butikken og smake på alt frå lefse og gombe, til klubb, pølser og syltetøy.

Og alle produsentane merkar at vinden bles mot meir lokal mat.

50 millionar i lokal mat

Coop vest kunne i 2017 notere ei inntekt på heile 50 millionar for lokal mat i sine butikkar i Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre. Her er det rundt 100 ulike levrandørar som står for den lokale maten i hyllene.

Ein av dei er SolundMat frå ytre Sogn. Ei bedrift som basesrer seg på støtte frå fleire bønder og fiskarar, med klippfisk og kjøt frå villsau som sin base.

I fjor omsette dei for fem millionar. Dei har fram til no levert til butikkar i Sogn og Fjordane, men vil også prøve seg i marknaden på Sunnmøre.

SolundMat har nyleg kome med eit nytt produkt. Klippfiskburger laga av klippfisk som dei lagar sjølve. No skal dei også bryne seg mot Sunnmøringane med klippfisk i disken.
Coop Extra har nyleg laga til ein kaffikrok. På opningsdagen fredag tok Britt Pernille Frøholm og mora Bjørg Frøholm frå Hornindal seg ein pustepause med kaker og kaffi.
Signes raspeball i Førde har oppdaga at folk ikkje lenger har tid til å lage klubben heime. Dei siste åra har produksjonen auka kraftig. Glen Nydal Eliasen og Cesilie Nakken hadde smakebitar å tilby.