– Eid kommune opplever ein gledeleg auke i folketalet, men har vi nok barnehageplassar til hausten i samsvar med denne folkeauken?

Dette var spørsmålet som Knut Tore Nes Hjelle stilte i kommunestyret på torsdag. Han kom med framlegg om at administrasjonen i Eid kommune undersøkjer om det er samsvar mellom tilbod og etterspurnad innan barnehagesektoren. Eit framlegg som fekk full støtte frå resten av kommunestyret.

– Vi kan ikkje risikere å stå der til hausten utan nok barnehageplassar, sa Nes Hjelle.

– I dag er det heilt fullt i alle barnehagane i Eid, men vi må ha plass til dei som kjem flyttande til kommunen vår. Eid reklamerer med at det er ei bra kommune å kome til, og då må vi følgje opp også i den praktiske kvardagen.

Denne saka kom på dagsorden i samband med at kommunestyret samrøystes gjekk inn for at Kjølsdalen Montessoribarnehage skal få utvide frå 30 til 38 barnehageplassar frå hausten 2018. Dette blir då 38 faste barnehageplassar i aldersgruppa 0 – 6 år. Bakgrunnen er at Kjølsdalen er ei bygd med postiv folketalsutvikling, og fleire småbarnsforeldre har flytta heim til bygda.

Vanskelegare å planleggje

For nokre år sidan kunne ein lage framtidsprognose i høve til tal barnehageplassar ut i frå fødselstala. Men når ein no opplever meir tilflytting i Eid kommune, er det blitt vanskelegare å lage desse prognosane, heiter det i saksutgreiinga frå kommunalsjef Harald Sivertsen.

362 plassar

I dag er det totalt 362 godkjende barnehageplassar i Eid kommune. Det fordeler seg over Gjerdane (45), Golvsengane (136), Haugen (18), Stårheim (34), Eid (82), Kjølsdalen (27), Snøkrystallen (12), Nøtteliten fam. barnehage Fossebakken (4). (Ved Golvsengane har det for vårhalvåret 2018 vore utvida med inntil 10 plassar).

Fleire fødde

I 2017 var det 65 fødde barn i Eid. Ein oppgang på sju frå året før, då det var 58 fødde. Toppåret dei siste ti åra var i 2010, då det var 81 fødde i Eid kommune.

–Vi kan ikkje risikere å stå der til hausten utan nok barnehageplassar til dei som kjem flyttande til Eid, sa Knut Tore Nes Hjelle til kommunestyret. Foto: Arkiv