Eid eldretun skulle i utgangspunktet oppgraderast med varme- og ventilasjonsanlegg til 3,2 millionar.

No er kostnadane blitt nær 28 millionar kroner og omfattar også base for heimetenestene/ulike tenester innan pleie og omsorg i underetasjen, samt omsorgsorgsbustader i hovudetasjen.

– Dette har vi ikkje råd til, sa Tore Hjelle (H) til kommunestyret i Eid i førre veke.

Han oppmodar om å leite etter innsparingar og prøve å hente tilskot frå Husbanken.

Eit samla kommunstyre gjekk inn for å vedta dei auka kostnadane. Der fleire andre politikarar også oppmoda om å prøve å få støtte frå Husbanken til oppgraderinga.

Tore Hjelle oppmodar administrasjonen i Eid kommune å leite etter innsparingar når Eid eldretun blir oppgradert. Foto: Arkiv