Oppdraget frå Stad 2020 gjekk ut på å kartlegge status og potensial for vekst og utvikling i næringslivet, og Olav Hjelle har i den samanheng intervjua ei rekkje bedriftsleiarar i Eid og Selje om forventingar til Stad kommune og korleis dei ser på framtida.

Han fortel at næringslivet først og fremst forventar at infrastrukturen må vere på plass til ei kvar tid. Kommunen skal levere gode tenester som barnehageplass, gode skuletilbod og gode helsetilbod. Det er også viktig med fritidstilbod som symjehall og fleirbrukshall, samt bustadtomter, gjennomgangsbustader og tilgang på gode leilegheiter.

Næringslivet forventar også at kommunen er i forkant og har tilgjengeleg gode og framtidsretta næringsareal og at ein fungerer som ein døropnar, deltek og er aktiv på plassar der næringslivet møtast.

Hjelle peikar på at fritidstilbod i aukande grad er avgjerande for kvar folk buset seg, og han gav under presentasjonen uttrykk for bekymring over at det ikkje er ledige barnehageplassar i Eid og Selje.

Breiband og mobildekning

Det går fram av næringsanalysen at god infrastruktur som mobildekning, breiband og offentlege kommunikasjonar i kommunen og i regionen er svært viktig.

Næringslivet forventar også at kommunen er ein aktiv part i omdømmebygging og marknadsføring av kommunen og regionen og at ein arbeider for gode rammevilkår for eksisterande næringsliv og nyetablerarar. Samt at ein er ein aktiv døropnar og samarbeidspartnar mot sentrale organisasjonar, det offentlege, FOU, høgskule/universitet og det politiske miljøet.