Eitt av trugsmåla som næringslivet i nye Stad kommune ser føre seg er aukande tendens til sentralisering, og ei av mogelegheitene for å få vekst og utvikling som vert skissert i næringsanalysen er Eid som eit sterkt senter i Nordfjordregionen.

– Det er viktig både for Stad kommune og resten av regionen at Eid kan ta ei sentral rolle i å utvikle sentrumskvalitetar, samstundes som ein tek vare på og utviklar det regionale samarbeidet.

– Eid bør utnytte potensialet for å bli eit sterkt senter i Nordfjord. Aksen Sogndal-Førde- Florø blir stadig sterkare. Nordfjord har vore for fragmentert. Det meiner næringslivet at ein bør gjere noko med, seier Olav Hjelle som nyleg har gjennomført næringsanalyse i Eid og Selje.

Bekymra for Eidsgata

Næringsdrivande som Olav Hjelle har intervjua i samband med næringsanalysen ser med bekymring på utviklinga i Eidsgata. Her er det tendensar til at det byrjar å gå feil veg. Butikkar legg ned og mange hus står tomme. På ein del hus er vedlikehaldet mangelfullt.

– Eidsgata er på mange måtar ein juvel, som byrjar å få urbane kvalitetar. Det er ein viktig motor for Eid, i grensesnittet mellom handel, kultur og opplevingar. Gata står fram med gode kvalitetar, men er veldig død etter klokka 16. Stadig meir av handelen vert drege ned mot kjøpesenteret, og det er utfordrande å drive handel i gata. Gata er blitt stillare også på dagtid etter at dei store sentra i Sjøgata vart opna.

– Eidsgata er ikkje på nokon måte klar til å ta imot 60.000 cruiseturistar. Hjelle peikar på at kommunen bør gå sterkare inn og ta ei leiarrolle for å få til opprusting og meir liv og aktivitet gjennom eit samarbeid kommune, huseigarar og næringsliv. Ein bør også få rydda opp i det som vert opplevd som uklare parkeringstilhøve.

– Gata er så viktig at den må utviklast. Ein må gjenskape sjarmen. Det skal vere triveleg å kome til Eid. Å bygge opp guidekompetanse er eitt konkret tiltak for å vere budd på å ta imot turistar.

Olav Hjelle understrekar at det som kjem fram i næringsanalysen, og som han peikar på, er basert på dei tilbakemeldingane han har fått i intervjua han har gjort med næringsdrivande i Eid og Selje. Når det gjeld synspunkt på Eidsgata, er mellom andre næringsdrivande i gata av dei som har kome med innspel.

NÆRINGSANALYSE: Olav Hjelle presenterte resultat frå næringsanalyse for nye Stad kommune torsdag. Foto: Anna Wuttudal