Dette er klart etter finalen på Seimsåsen i Årdal i helga. SSF-cupen er fylkescupen for Sogn og Fjordane. Esekiel Henden tok delt samanlagtsiger i klasse gutar 12 år, der fire av sju renn er teljande i samandraget. Han delte sigeren med Isak Bøtun, Sogndal IL. Begge hadde tre sigrar og ein andreplass som teljande resultat.

Ingebrigt Nes Hjelle gjekk heilt til topps i SSF-cupen i klasse gutar 14 år, der fem av sju renn er teljande i samandraget. Med tre sigrar og to andreplassar som teljande resultat, enda han på 122 poeng. På andreplass kom Anton Tveito frå Kaupanger med 112 poeng.

Første siger

Tørres Bjelland Nøstdal (G 13) tok sin første enkeltsiger i SSF-cupen på Seimsåsen i helga. Det var seks deltakarar i klassen. Nøstdal var 21 sekund føre andremann Sigve Hafstad Ottesen, Førde IL, i mål. I samandraget i SSF-cupen enda Nøstdal på delt andreplass saman med Magnus F. Degnepoll, Førde IL. Vinnar vart Sigve Hafstad Ottesen, Førde IL.

Flott innsats

Det siste rennet i SSF-cupen gjekk i friteknikk på Seimsåsen i Årdal laurdag. Det var mange løparar frå Eid IL som hevda seg bra.

I tillegg til Tørres Bjelland Nøstdal sin siger i klasse gutar 13 år, vart det også siger til Esekiel Henden i klasse gutar 12 år. Henden sikra seg delt samanlagtsiger i SSF-cupen med å vinne rennet med fire sekunds margin til Niklas Bosdal Thorsen, Førde IL. Det var seks startande i denne klassen.

Stor deltaking

Den klassen som hadde størst deltaking var gutar 14 år, med 12 startande. Her tok Ingebrigt Nes Hjelle sigeren, 13 sekund føre Thomas Tefre, Førde IL, og viste at han har vore den klart beste i sin klasse i fylket denne sesongen.

Den tredje enkeltsigeren til Eid IL i finalen i SSF-cupen på Seimsåsen laurdag, var det Oselie Henden som stod for. Ho stilte opp i sitt første renn for sesongen i SSF-cupen, og då ho var einaste deltakar i klasse jenter 16 år, vart det også siger.

Positiv utvikling

Langrennsgruppa til Eid IL er i vekst, og har no fleire aktive enn på mange år. Basen for langrennsgruppa er på Tua, der det er faste treningar sesongen gjennom.

Tradisjonen tru blir sesongen avslutta med lagsrenn. I år går dette rennet på Tua andre påskedag.

Ingebrigt Nes Hjelle tok sigeren i klasse gutar 14 år. Foto: Eid IL Skigruppa