Selje får passet sitt påskrive med svak leiing og passiv administrasjon, svak gjennomføringsevne, lang responstid, uklare ansvarstilhøve og mangelfull kompetanse.

Og som om dette ikkje er nok, så vert det politiske nivået karakterisert som uberekneleg, lite langsiktig med politiske vedtak i alle retningar.

I tillegg er der ei nord-sør-konflikt som har vore ei utfordring i mange år.

Velfungerande i Eid

Eid kommune blir frå næringslivet sin ståstad skildra som ein konstruktiv og velfungerande kommune. Her er det rask respons, føreseielege forhold, ein blir høyrd og kommunen har ein dyktig og engasjert ordførar som heiar både på lokale aktørar og på naboane. Her er det evne og vilje til å skape utvikling, god dialog, ein er løysingsorientert og imøtekomande.

– Det trengst eit sterkt senter i Nordfjord Treng motvekt mot Sunnfjord og Sogn

Bør handle meir lokalt

Men også i Eid er det forbetringspotensial. Her er lite samhandling mellom aktørane, og det kjem signal frå næringslivet om at kommunen i større grad bør handle lokalt.

I næringsanalysen blir det hevda at Eid kommune kjøper varer og tenester frå aktørar utanfor kommunen, sjølv om lokale aktørar er konkurransedyktige på pris og kvalitet.

Vidare at lokale aktørar ikkje får delta i anbod om større oppdrag. – Eid utarbeider anbodsgrunnlag som ekskluderer bedrifter frå Eid. Erfaringa er at kommunane rundt i langt større grad kjøper varer og tenester frå bedrifter på Eid.

Det blir også etterlyst tydelege retningslinjer for fortetting i sentrum og ønskje om at kommunen støttar lokale aktørar i dialogen med sentrale aktørar som Statens vegvesen, NVE, mfl.