Dei som trur at kommunesamanslåing vil løyse alle økonomiske problem for dagens Eid og Selje må tenkje om att. Av oppsett som vart vist i felles kommunestyremøte torsdag går det fram at Stad kommune truleg manglar 40 millionar kroner i 2021 om ikkje føresetnadene endrar seg vesentleg.

– Vi må tenke nytt, både om korleis oppgåvene skal løysast, kven som skal vere med å løyse dei, og korleis tenestene skal organiserast gjennom samspel mellom ulike yrkesgruppe og omgjevnadane, poengterte programleiar for Stad 2020, Åslaug Krogsæter.

Samfunnsmål i den nye kommunen er følgjande: «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag»

For å nå dette målet skal ein samskape – samordne og samarbeide, tilby heilskapleg og effektiv tenesteyting og den nye kommunen skal vere nyskapande. Og det er eit mål at ein skal bli fleire. For å få folk til å kome hit, tek ein mål av seg til å tilby noko som er unikt; «det lille ekstra».

Krogsæter oppmoda politikarane om å ta inn over seg at ein står overfor store demografiske utfordringar.

– Det blir fødd for få barn og folk lever lengre. Dette gjev ein ubalanse, og det vert ei kjempeutfordring. Ein blir pressa til å tenkje alternative måtar å organisere ting på.