I samband med næringsanalyse på oppdrag frå Stad 2020 har Olav Hjelle gjennomført intervju med 41 næringslivsleiarar i Eid og Selje kommune i perioden januar til mars 2018. Dette er inklusive leiarane i begge bondelaga.

Bedriftsleiarane representerer om lag 56 % av alle tilsette i privat sektor.

Representantar for alle bransjar i begge kommunar er intervjua. Ein har også intervjua investorar og nyetablerarar, og ei gruppe som representerer Eidsgata. Pluss ein bedriftsleiar på Bryggja.

Hjelle har også hatt samtale med leiarar for Nordfjord Sjukehus, vidaregåande skule, NAV, fylkeskommunen, Eid Industrihus og begge ordførarane. Til saman er det gjennomført 51 intervju.

Framtidstru i Stad kommune

I samband med næringsanalysen gjev leiarane i dei private bedriftene uttrykk for at dei skal skape netto auke på 146 nye arbeidsplassar dei neste tre åra. Det inneber ein vekst på 5,2 %, fordelt på 35 i Selje og 111 i Eid.

I tillegg kjem mellom anna potensiell vekst i dei bedriftene som ikkje er intervjua (44 %), vekst som følgje av nytt næringsareal på Myklebust/Lunden og ringverknader som følgje av Stad Skipstunnel.