Næringslivet er i verdsklasse og prega av optimisme og framtidstru. I analysen blir det mellom anna trekt fram at ein har verdsleiande fiskerimiljø i Selje kommune innanfor linedrift, ein har kontroll på heile verdikjeda og med eit sterkt internasjonalt nettverk. Stad blir ein av dei største fiskerikommunane i Norge, og her er det global kompetanse.

I næringsanalysen vert det mellom anna lagt vekt på mogelegheitene som ligg i å vidareutvikle det internasjonale fiskerimiljøet som er på Stad og å vidareutvikle samhandlinga mellom næringar som arbeider innanfor havrommet i regionen. Ein vert oppmoda om å tenke større region, også mot Vågsøy/Bergen/Ålesund + internasjonalt og kople på andre aktørar/næringar som kan ha nytte av styrka samarbeid.

Teknologi-/fornybarmiljøet

Eitt av dei aller viktigaste satsingsområda i nye Stad kommune er å vidareutvikle det sterke teknologi-/fornybarmiljøet som ein finn i Stad kommune, mykje av det i dagens Eid. Ein ser føre seg vekst mellom anna gjennom auka samhandling og knoppskyting og ved å kople seg opp mot FOU- og høgskulemiljø.

– Samhandling er avgjerande for å lukkast vidare, understrekar Olav Hjelle.

Utvikling av reiseliv

Selje har også eit stort potensial for vidareutvikling og profesjonalisering av reiselivet, ikkje minst knytt til surfing i Hoddevik og sjølvsagt mogelegheiter knytt til realiseringa av Stad Skipstunnel.

Ut frå det som har kome fram i næringsanalysen har Hjelle stor tru på surfemiljøet med vidare satsing til meir heilårsaktivitet innan dette feltet. Selje kommune vert oppmoda om å ta grep for å syte for infrastruktur i form av parkering og toalettfasilitetar på Hoddevik.

– Der er eit enormt potensial. Kommunen må setje seg i førarsetet og få orden på infrastrukturen, seier Hjelle.