Det skriv Sogn og Fjordane Senterparti i eit brev til Stortinget v/Stortingspresidenten, Regjeringa v/Statsministeren og Senterpartiets stortingsgruppe, dert fylkespartiet også viser til at folkeskikk og anstendig språkbruk blant folkevalde er viktig for eit levande demokrati.

Tøffare språkbruk

–Dei siste åra har vi opplevd ei endring i den politiske kulturen i Noreg når det gjeld språkbruk og retorikk.  Vi opplever at grensene for kva som er greitt å seie og kva som er anstendig språkbruk stadig vert flytta. Vi har fått ein stadig tøffare språkbruk i det politiske ordskiftet som gjer debattane meir polariserande og stigmatiserande. Dette er uheldig og medverkar til at dei politiske ulikheitene ikkje kjem fram og gjer det vanskelegare for folk å ta stilling. I ytste konsekvens fører dette til auka politikarforakt og at demokratiet og folkestyret tapar.

Gradvis fått innpass

–I norsk politikk ser det no ut til at det er blitt heilt akseptabelt å komme med påstandar om politiske motstandarar som gjerne bryt med både folkeskikk og eit menneskesyn som dei fleste av oss ønskjer å holde i hevd. Denne kulturendringa har gradvis fått sitt innpass i løpet av dei siste åra, og er velsigna av vår øvste demokratiske leiar; Statsministeren. Ved å behalde Listhaug i regjeringa, fornye tilliten, og attpåtil gje Listhaug fleire og større oppgåver og ansvarsområde, syner Statsministeren at den nye retorikken og språkbruken er velkomen i norsk politikk.

Kvifor no?

–Kva er bakgrunnen for at Sogn og Fjordane Senterparti kjem med denne saka no?

–Oppgjer med uakseptabel språkbruk og retorikk var oppe som eit innspel frå Jølster Sp på fylkesårsmøtet vårt.  Framlegget vart sendt over til fylkesstyret. Vi hadde fylkesstyremøte sist helg, og fann at det var rett å sende ut dette no, seier Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp.

–Kan det oppfattast som eit signal frå Sogn og Fjordane Sp om at de vil at Krf til å røyste for mistillit til Sylvi Listhaug?

–KrF får gjere det dei meiner er rett. Vi meiner at landet ikkje er tent med ein justisminister som er så splittande som det sittande justisminister er. Det som er viktig å få sagt er at Listhaug ikkje er statsråd for Frp, men statsråd for alle i Norge. Når statsministeren trugar med regjeringa sin avgang om mistillitsforslaget mot justisministeren får fleirtal i Stortinget, sender statsministeren samstundes ut eit sterkt signal om at det Sylvi Listhaug gjer er heilt greitt. Det er ikkje første gong Listhaug trakkar over grenser. Det statsministeren gjer er nok ein gong å velsigne hennar språkbruk, og det er svært alvorleg, seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes.