Kvit vinter kom for fullt i løpet av natt til måndag, og etter kvart vart den våte slapsen eit problem spesielt for fotgjengarane. Fleire butikkeigarar var i morgontimane fortvila over at brøytemannskapet kom seint.

–Vi vert inviterte til å ha butikkar i Eidsgata og er avhengig av at det vert brøyta her tidsnok. No vart det ikkje brøyta før klokka tolv, og då er parkeringsplassane allereie opptekne av bilar, og dermed vert dei ikkje brøyta. Og det som ikkje vert brøyta vert etter kvart skøytebane. Dermed får vi ein dominoeffekt vi ikkje vil ha, seier Vaksdal. Ho etterspør ein betre rutine på brøyting i Eidsgata.

–Vi må ha ein viss rutine som vi har å forholde oss til. No vart snøen lagt opp på fortauet til oss, og eg veit ikkje kvar eg skal gjere av den, seier ho.

–Jobbar på spreng

–I år er vi veldig godt vande, men akkurat i natt kom det mykje snø på ein gong, og eg har alt brøytemannskap ute, seier Tore Nyhammer-Taklo, driftssjef i Eid kommune. Måndag hadde han fått fleire henvendingar om brøytinga. Han påpeikar at driftsavdelinga brøyter først og fremst prioriterte vegar og at dei har ei lista å gå etter.

–Når Eidsgata vert tatt er det viktig å få snøen ut av vegen. Den vert midlertidig lagt på fortaua, og så må ein ta vekk frå fortaua etter kvart, fortel han.

Nyhammer-Taklo presiserer at han gjerne skulle hatt endå meir mannskap og utstyr til å brøyte, men at dette ville blitt dyrt.

–Mannskapet vårt jobbar på spreng, men no kom det plutseleg mykje snø på ein gong, seier han. Sjølv om det har vore lite brøyting før i vinter, har budsjettet blitt brukt på mykje sandstrøing på svært glatte vintervegar i kommunen.

–Dette går frå same budsjettet, fortel han.