Det heiter det i ei fråsegn som kommunestyret i Eid vedtok på sitt siste møte, torsdag den 15. mars.

Vidare i fråsegna heiter det: «Helse Førde brukar som grunngjeving for framlegget at «mykje ambulanseressursar blir brukt til å transportere pasientar mellom sjukehus».

Medviten politikk

«Vi vil påpeike at dette er ei direkte følgje av ein medviten politikk frå Helse Førde si side om å sentralisere fleire helsetenester som tidlegare vart gjevne på lokalsjukehusa. Når desse sentraliserings-grepa vart gjort, var ein del av Helse Førde sin strategi at det skulle kompenserast med betre prehospitale tenester og styrking av ambulansetenesta.»

Desentraliser

«Når det no i neste omgang også vert ei nedbygging av ambulansetenesta - fordi Helse Førde må spare inn att ekstra kostnader knytt til sentraliserings-grep som utløyser meir ambulanse-transport,  så er ikkje det akseptabelt. Vi krev at Helse Førde held oppe omfanget på ambulanseberedskapen, eventuelt flytter fleire tenester attende til lokalsjukehusa slik at det blir mindre behov for ambulanse til transport av pasientar mellom sjukehus.»

På grensa

«Vi opplever at vi no balanserer på grensa av å ha ein forsvarleg samla ambulanse-beredskap i Nordfjord - og at dette mellom anna fører til eit stadig auka press på vår primærhelseteneste og legetenesta i Nordfjord.  Samhandlingsreforma har også vore med på å auke trykket både på dei kommunale helsetenestene og ambulansetenesta. Fleire pasientar enn tidlegare blir frakta frå sjukehusa ut til kommunane i ein tilstand med stort behov for oppfølging og helsehjelp.

Vi ber Helse Førde ta dette innspelet på alvor, og legge føreslåtte kutt i ambulanse-tenesta i Nordfjord på is», heiter det i fråsegna frå Kommunestyret i Eid.