– Vi har mange flinke folk i Selje, men Eid er ein større kommune som har meir kompetanse. Det blir utruleg viktig for oss. Eg trur det kan hjelpe oss til å utvikle både basistenester og næringslivet, seier Anfinn Sjåstad, gruppeleiar for Selje Frp og medlem i fellesnemnda Stad 2020. Han viser til korleis Eid har utvikla sentrum, og han peikar mellom anna på moglegheitene som ein har i Selje når det gjeld Stad skipstunnel og masseplassering.

Sjåstad opplever også at Selje har fått god hjelp frå Eid når det gjeld fylkesveg 620 som går mellom Leikanger i Selje og Åheim i Vanylven.