Det er avisa Nationen som står for kåringa, som har vore arrangert kvart år sidan 2004. Ordførar Bjørlo er nominert saman med kjendisar som Lothepus og Linda Eide.

Det er lesarane som skal stemme fram vinnaren. Og kva innsats som har kvalifisert til tittelen har variert frå år til år.

Nokon har blitt nominert for lang og seig innsats, andre på grunn av einskildhendingar som blir lagt merke til.

Felles for dei alle er likevel at det skal vere ei stemme frå distriktet.

På lista over tidlegare vinnarar er det folk av alle slag; idrettsfolk, akademikarar, musikarar, jegerar og organisasjonsfolk.

Alle er gode distriksstemmer på den nasjonale arenaen, som har gjort seg bemerka som ein godt og positivt forbilde i Bygde-Norge, skriv Nationen.

Kan bli første ordførar

Alfred Bjørlo er den einaste ordføraren på lista over dei nominerte i år. Og det har heller ikkje vore ordførarar som har vunne tidlegare. Kanskje Bjørlo kan bli den første ordføraren på lista over bygdeprofilar?

I nominasjonen heiter det at Bjørlo er venstre-politikar og ordførar i Eid i Sogn og Fjordane. Han brenn for næringsutvikling, miljø, energi og skule. Han er også ein sterk forkjempar for desentralisering av statlege oppgåver.

Dei nominerte til Årets bygdeprofil 2017 er:

Halvor Sveen (47) frå Rena i Østerdalen

Bonde og lokalpolitikar. Vann Farmen 2017. Sveen er svært aktiv i ulvepolitikken, og har mellom anna vore deltakar på Debatten i NRK.

Håkon Marius Kvæken (56) frå Løten

Bonde og skravlekopp. Ofte framme i media med morosame krumspring og uredde meiningar.

Maria Monsdatter Almli (38) frå Steigen, Salten i Nordland

Gründer, bygdeutviklingsforskar og friluftsentusiast. Har hatt inspirasjonsføredrag som bygdeliv. Var i 2011 manusforfattar og programleiar i reportasjefilmen Det skjer i Nord-Norge.

Nina og Øystein Rudi (49) frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen

Vertskap på Rudi Gard, som er ein av Gudbrandsdalenes mest aktive kulturarena. Vann Service- og Vertskapsprisen ved Fakkelprisen i 2017.

Alfred Bjørlo (45) frå Eid i Sogn og Fjordane

Venstre-politikar og ordførar. Brenn for mellom anna næringsutvikling, miljø, energi og skule. Han er også ein sterk forkjempar for desentralisering av statlege oppgåver.

Linda Eide (50) frå Voss

Forfattar, journalist og programleiar. Blei kåra til beste kvinnelege programleiar under Gullruten i 2012 for programmet Norsk attraksjon. Har fått ny suksess med Eides språksjov, som er i gang med sin andre sesong på NRK.

Leif Einar Lothe, Lothepus (48) frå Odda

TV-kjendis, entreprenør og songar frå Hardanger. Kjend frå dokumentarserien Fjorden cowboys. Fekk sitt store gjennombrot då han vann Farmen-kjendis i 2017. Same år blei han kåra til årets medienaman.

Margit Dale (43) frå Valle i Setesdal

Bonde, kulturarvformidlar, sjukepleiar og lokalpolitikar. Reiste i 2014 og 2015 rudnt i Setesdal saman med meisterkokk Trond Moi og komikar Rune Andersen. Eitt av resultata var praktboka Rune & Margit & Moi - I Setesdals kulinariske skattkammer.

Dei tidlegare vinnarane er:

2016: Eilev Bjerkerud, vinner av Farmen og Skal vi danse.

2015: Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

2014: Merete Furuberg, leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

2013: Yasmin Syed, programleder og kanalvert i NRK.

2012: Oddgeir Bruaset, programleder i NRK

2011: Therese Johaug, langrennsløper.

2010: Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, musikere.

2009: Dansekompaniet Frikar.

2008: Kathrine Kleveland, daværende leder i Norges Bygdekvinnelag.

2007: Alt for Rognankompaniet

2006: Mikkel Dobloug, gründer.

2005: Stine Iversen, ulvejeger

2004: Odd Nordstoga, spelemann.

Lothepus, eller Leif Einar Lothe, er ein av kjendisane mellom dei nominerte. Foto: Nationen
Programleiar Linda Eide har nyleg hatt sukess med Eides språksjov på NRK. Ho er ein av dei nominerte. Foto: Nationen