108 elevar ved Stadlandet skule hadde miljøveke i førre veke. Det resulterte i ei kunstutstilling der kunsten var laga av søppel dei fann på stranda på Drage.

Elevane sjølve har skrive om Miljøveka 2018:

Ei veke litt utanom det vanlege for elevane på Stadlandet skule, som flytta skuletimane ut i naturen for å rydde Austmyrfjøra på Drage. Fokuset denne veka var marin forsøpling og skadeverknaden av denne.

Plast

Plastforureining er eit aukande miljøproblem, særleg i havet. Store mengder plast og anna søppel blir kasta i havet og frakta med havstraumane. Plast vert ikkje brote ned, og legg seg derfor på havbotnen eller endar opp langs fleire kystlinjer rundt om i verda. Gry Hansen, initiativtakar, ville gjere noko med forsøplinga i Austmyrfjøra på Drage, ho kontakta derfor Stadlandet bedriftsforeining, det resulterte ein søknad til Miljødirektoratet, utarbeida av Olav Steimler.

Etter at Stadlandet bedriftsforeining fekk midlar av Miljødirektoratet for å informere om – og gjennomføre strandrydding i Nordfjord, tok Gry Hansen kontakt med Siv Tonje Otneim som er lærar på Stadlandet skule, saman har  dei utvikla Miljøveka 2018.

Bra for fisken

Elevane i 1-4.klasse rydda aktivt og fann mykje spennande i Austmyr på Drage. Dei hadde også positive meiningar om miljøveka.

- Vi synest det er bra at vi ryddar stranda, slik at dyra og fiskane ikkje får i seg plasten. Det er viktig, meiner Norah Vårdal (7) og Renè Myklebust (6).

- Det er veldig gøy og bra for naturen. Vi har blant anna funne eit båtlys og mange kule sko, som vi skal bruke på den kreative dagen, seier Siren L. Hafsås (8) og Daniel F. Drage (8).

Kreativ dag

Elevane fekk også teste kunsteigenskapane sine på «den kreative dagen», der dei skulle lage noko ut av plasten dei hadde funne. Alle elevane på skulen fekk moglegheita til å bruke søppelet til å lage noko nytt. Dei synest det var gøy å få  bruke søppelet til kunst. Dei fekk også dekorere sitt eiget tøynett, som skal brukast i staden for plastnett. Det vart mange fine sluttprodukt, med mange ulike motiv.

Strålande avslutning

Som avslutning på miljøveka, hadde Stadlandet skule saman med NAPO, eit arrangement i Stadlandet Grendehus. NAPO Ungdomsbedrift frå Florø vidaregåande skule, heldt eit foredrag om plastforureininga sett frå eit globalt perspektiv. I tillegg til Stadlandet skule fekk også ungdomstrinnet frå Selje skule moglegheita til å kome på miljødagen.  Elevane frå Stadlandet skule stilte ut kunsten dei hadde laga, og elevane frå 10.klasse var både konferansierar og fordragshaldarar.

- Siste dagen oppsummerte og avrunda miljøveka på ein god måte. Eg er veldig stolt over elevane våre, som har gjort ein super innsats denne veka. Det kjekkaste av alt har vore den positive haldninga til elevane, seier Marianne Stender, kontaktlærar for 10.klasse ved Stadlandet skule. Heile skulen og ein del av bygda har vore aktivt med i denne miljøveka. Dette burde bli ein årleg aktivitet, og vi oppfordrar andre skular til å gjere det same!

Skrive av:

Elisabeth L. Nygård, Amanda Celine Hoddevik, Oda Åndal og Bendik K. Stokland.

Elevane brukte tre dagar i førre veke til å samle inn søppel og rydde stranda på Drage.