Det er nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viser at Eid ikkje lenger er ein utpendlingskommune. Hovudårsaka til dette er at mange nye arbeidsplassar har blitt skapt dei siste åra.

– Eid har jo i mange år vore ein kommune der fleire pendlar ut til arbeid enn dei som pendlar inn. No er det altså like mange som pendlar inn til kommunen som dei som pendlar ut, og det er jo eit klart teikn på at trenden i næringslivet er positiv, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Fleire arbeidsplassar

Nye tal frå SSB syner at det er 2.929 personar sysselsette i Eid ved utgangen av 2017. Det er 62 personar fleire som har sin arbeidsplass i Eid enn i 2016, noko som tilsvarar ein vekst på 2,15 prosent. Dermed er det høgare vekst i sysselsetjinga i Eid i 2017 enn i Norge samla (1,3 prosent), og enn snittet i Sogn og Fjordane (0,6 prosent).

– Kor mykje av dette har med etableringa av Amfi å gjere?

– Det er ikkje tvil om at Amfi har betydd mykje. I tillegg har ein vekst i andre bedrifter, til dømes i elektro-/automasjonsbransjen, der mange pendlar inn til Eid til arbeid, seier Alfred Bjørlo.

Ventar meir vekst

Dei siste fem åra har innpendlinga til Eid auka tre gongar meir enn utpendlinga. Tidlegare var Eid ein kommune som fleire pendla ut frå enn inn - men i 2017 er for fyrste gong talet innpendlarar til Eid like stort som talet på pendlarar ut (430 personar kvar veg).

Tala frå 2017 har sjølvsagt ikkje med etableringa av Biltema. I tillegg er det seld næringsområde i Lunden og på Stokkenes/Myklebust, der ein kan vente etablering av nye verksemder.

– Dette gjer at det er grunn til å tru at veksten i talet sysselsette i Eid vil halde fram. Handelsnæringa er utan tvil viktig i denne samanhengen, men også andre næringar som vi veit rekrutterer frå eit stort omland, seier Bjørlo.

Alle kommunane i Nordfjord hadde vekst i sysselsetjinga i 2017. Eid, Vågsøy, Gloppen og Hornindal er blant dei ti kommunane i Sogn og Fjordane med størst vekst i sysselsetjinga. Alle har vekst over fylkes- og landssnittet.

– Dette gjev grunn til optimisme, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo.