– Då vi var på flukt hadde vi ikkje noko vatn. Vi klarte til slutt å finne noko vatn, men det var skittent, fortel Kany.

Ho brukte å ha eit heilt normalt tenåringsliv heime i Kongo. Gjekk på skulen, hadde eit trygt liv med familien og song i kor i den lokale kyrkja. No bur ho og familien i eit telt i ein flyktningleir. Dei er nokre av over seks millionar kongolesarar som i dag er på flukt.

– På flukt utan mat og vatn

Kany og familien flykta frå ein krig som blussa opp i Kasai, der dei budde, og familien måtte legge ut på ein flukt som har sett spor i 14-åringen.

– Vi vakna av at det var skyting i byen, og la på sprang med ei gong. Vi rakk ikkje ta med oss noko. Vi var på flukt i skogen i fleire dagar, og måtte gå langt utan verken mat eller drikke, fortel Kany, som saknar venene og heimen sin i Kongo.

Ho og familien kom seg trygt over til nabolandet Angola, der dei no har slått seg ned medan dei venter på at krigen i heimlandet skal ta slutt. Takka vere støtte frå mellom anna Fasteaksjonen har Kany no tilgang til reint vatn berre eitt minutt frå teltet kor ho bur.

Når det hastar å hjelpe

Det er Kirkens Nødhjelp som leverer vatn, toalett, hygieneartiklar og tømmer søppel i leiren der Kany bur, og pengane som kjem inn gjennom den årlege Fasteaksjonen er heilt sentrale i dette arbeidet.

– Pengane vi får inn gjennom Fasteaksjonen gjev oss ein økonomisk muskel som gjer det mogleg for oss å reagere raskt når ei krise oppstår, slik vi gjorde i Angola då flyktningar kom over grensa frå Kongo. Då kunne vi kome fort i gang takka vere pengane frå våre norske gjevarar, medan vi venta på meir støtte frå andre gjevarar, slik som FN. Støtta frå det norske folk gjer til at vi kan handle raskt og redde fleire liv, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Tradisjon

Aksjonen vert i år arrangert for 51. gong, og frivillige over heile landet samlar inn pengar ved å gå med bøsser eller ha ulike arrangement. Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

– Også i år skal me i Eid gjere ein innsats for Kirkens Nødhjelps arbeid. Som ei norsk kyrkje er me også del av den globale kyrkja. Det å gje av det ein har, og vise omtanke for andre, er viktige verdiar for oss som kyrkje. Gjennom Fasteaksjonen får me moglegheita til å hjelpe medmenneske over hele verda, seiar ungdomsprest Kaare Michael Christoffersen som legg til at dei ynskjer å bidra som bøssebærar eller for ytterlegare spørsmål og informasjon, så kan dei gjerne kontakte han på telefon eller e-post.

Reint vatn: Takka vere støtte frå mellom anna Fasteaksjonen har Kany no tilgang til reint vatn berre eitt minutt frå teltet kor ho bur. Foto: Kirkens Nødhjelp