Monica Osborne er 42 år, vaks opp i Sarpsborg og er gift og har 3 barn. Etter å ha budd eit par år i Nord Norge møtte ho kjærleiken og flytta til Kalvåg i Bremanger. Ho og mannen har budd der i 10 år og i løpet av den tida har dei fått 2 gutar. Monica er ein sjølvlært resin kunstnar. Ho lagar abstrakt kunst og er etter det ho veit den einaste kunstnaren i Norge som arbeidar med denne teknikken. Resin er to komponent epoxy og dette blandast med fargepigment i pulverform. Blandingane hellast på flater av ulike slag, med eit eller fleire lag. Etter 72 timars tørketid får bilda ei hard og glasaktig overflate over fargerike formasjonar og mønster.

Dramatisk endring

Sjølv om Monica har vore kreativ heile livet, slo ikkje den kunstnariske utfaldinga ut i full blomster før for 5 år sidan. Då vart livssituasjonen dramatisk endra etter uprovosert, fysisk angrep medan ho var på jobb. Erfaringa har resultert i at ho utvikla PTSD, depresjon og angst. Monica har jobba seg ut av traumet ved hjelp av kreative skapande prosessar og skapar i dag kraftfull kunst med ydmykheit og lidenskap. Monica seier: «Den dagen som forandra meg for alltid, er den dagen eg begynte å måle!»

Unike pigment

På eit eller anna tidspunkt i den kunstnariske utviklinga fant Monica ut at ho ville arbeide med pigment med andre kvalitetar enn dei som var tilgjengelege. Ho begynte undersøkinga etter meir unike pigment og fant Universalartpigments i Storbritannia som ho no samarbeider med. Monica samarbeider også med Easy Composites i Storbritannia og ho brukar både Facebook, Instagram og YouTube til å vise både det ho skapar og korleis ho arbeidar og eksperimenterer. På nettsidene viser ho også andre kunstnarar og deira prosessar.

Nyleg donerte ho eit av verka sine til ein auksjon med inntekt til organisasjonen UK Dreamflight, som er ein organisasjon som hjelper alvorleg sjuke og funksjonshemma barn. Monica donerte bildet fordi ho ønsket å «Pay it forward» etter å ha fått ein son med alvorleg hjartesjukdom, og som takka vere ein vellykka operasjon i dag er heilt frisk. Monica er stolt over å kunne seie at den brokete fortida har forma henne, men den definerer henne ikkje. Hennar personlege mantra samsvarar med Oscar Wilde sitt ordtak: «Be yourself; everyone else is taken!»