Kjølsdalen Bondelag får prisen mellom anna for sitt aktive vervearbeid. Lokallagsleiaren seier det har vore enkelt å verve nye medlemmer.

– Vi treff på folk. Seier så sant er at gardbrukarar bør vere medlem i bondelaget. Så ringer vi gjerne opp og gjer det verkelege framstøtet. Studieleiaren vår og eg har lagt ned stor innsats, fortel lokallagsleiar Kjell Arne Heggheim på Sogn og Fjordane bondelag sine nettsider.

I tillegg til vervearbeid har lokallaget hatt fokus på kursing av medlemmene og sosiale samankomstar, og dei deltok aktivt i aksjonane i samband med jordbruksforhandlingane og det følgjande brotet. For innsatsen kan Kjølsdalen Bondelag altså gle seg over 10.000 kroner på konto.

– Pengane skal gå til noko som kjem medlemmene eller lokalsamfunnet til gode, lovar lokallagsleiaren.

Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Sogn og Fjordane slik:

Årets lokallag i Sogn og Fjordane har hatt god aktivitet gjennom året med ei rekkje arrangement som har styrka både det sosiale samhaldet, gitt medlemmene fagleg påfyll og gjort Bondelaget synleg i lokalmiljøet. Laget har mellom anna hatt kurs i varmearbeid, delteke i bålaksjonen, og arrangert studiering over tre kveldar i forkant av jordbruksforhandlingane. Då brotet i jordbruksforhandlingane var eit faktum, aksjonerte lokallaget ved å henge opp plakatar ved riksvegen.

Årets lokallag i Sogn og Fjordane har også støtta nytt skulekjøkken med 10.000 kroner.

Laget har i tillegg jobba hardt med verving, og ved nyttår hadde dei auka medlemstalet sitt med over 38 prosent.