Hagelaget har no ein fast tilhaldsstad for medlemsmøta sine. Klubbhuset på Skårhaug, på heimgarden til leiar Marit Sandnes Skrede, har ein god plass, noko som gjev moglegheiter for å arrangere kurs både ute og inne.

– Vi ønskjer å følgje opp visjonen om at Eid hagelag skal vere eit inkluderande forum og møteplass, der vi delar kunnskapar og erfaringar om dyrking og stell av plantar. Vi skal inspirere og motivere kvarandre i planlegging, opparbeiding og vedlikehald av uteområde og hagerom. Vi skal og få moglegheit til å lære nytt, heiter det i ei pressemelding frå Eid hagelag.

Fleire medlemmer

Eid hagelag har i dag 40 medlemmer, ein vekst på 30 prosent frå fjoråret.

– Det gjev oss tru på at vi er på rett spor når det gjeld å skape aktivitetar som engasjerer medlemmane. Vi håpar at du i år og finn aktivitetane interessante. Ny handlingsplan for 2018 er utarbeida, men der er framleis rom for å kome med innspel og forslag til aktivitetar og idear som vi kan gjere saman i året som kjem, skriv hagelaget.

Samarbeid i Nordfjord

Det første medlemsmøtet i hagelaget i år var i januar. Der vart ein einige om å opne opp for samarbeid med alle hagelaga i Nordfjord. Dette skal dei gjere ved å besøke kvarandre sine hagar, og ha felles kurs og aktivitetar. Aktivitetar som hagelaget ønskjer å få i stand er blant anna støypekurs, kurs i jordforbetring, grønsakdyrking, hermetisering og fermentering.

– I tillegg ser vi at vi kan samarbeide med det lokale naturvernforbundet for å fremje tiltak som går på å ta vare på insekt, bier og fuglar i hagen. I fjor starta vi ein sneglekampanje i samarbeid med Eid kommune. Dette vil vi vidareutvikle og følgje opp i det komande hageåret, skriv Eid hagelag.

Nytt styre

Det vart vald nytt styre i Eid hagelag på årsmøtet i januar. Marit Sandnes Skrede er leiar, Guri Haga er styremedlem, Britt-Elin Ladehaug og Sonja Øvredlid er tur- og aktivitetsansvarlege, Merethe Kjølberg er kasserar, Marion Tufteland er sekretær og Randi Merethe Haugland er varamedlem.

Rekruttering: Eid hagelag med stand i Eidsgata i fjor sommar. Foto: Anita Ingebrigtsen